TROLLOPED-KURSET
v/ Trolleyformann Ingebrigtsen

LEKSJON 1:

LEDNINGANE - DEN STORE FORSKJELLEN

-- Ein trolley er meir fleksibel enn ein trikk, fortel Trolleyformann Atle Ingebrigtsen til PILOTA.FM. -- Trass i at den elektriske framdrifta er nett den same. Dei same komponentane finn ein både på trolleybussar og trikkar. Den store forskjellen ligg i stengene på taket.

LEKSJON 2:

KOMPRESSOREN PRESSAR PÅ 

--Det me høyrer under oss er ein kompressor. Den lagar luft til bremser og manøvreringa av dørene. No for tida går og kjem lufta. Ei lita lekkasje på framdørene er årsaka. Og trykket fèr ut. Dette merkar kompressoret og startar automatisk. Deretter blir luftrykket pumpa opp på akseptabelt nivå att.

LEKSJON 3:

TROLLEYTRENDEN ER ENDRA

-- Trolleytrenden har endra seg. Trolleybussar er på full fart tilbake. I resten av verda riktig nok, fortel Trolleyformannen. -- På 60- og 70-talet var kollektivtrafikk var under full nedbygging i den vestlege verda. Idag er det motsatt. Iallefall i USA og Austblokka.


TROLLEYLEKSJON 4:

TROLLEYRYKTE FRÅ DRAMMEN

-- Eg har høyrd Trolleyrykte frå Drammen. Der snakkar dei om å starte opp Trolleydrifta att. Men dette er ikkje heilt sikkert. Der har Trolleybussar kjøyrd sidan tidleg nittenhundretalog fram til midten av 60-talet.

ELEKTRISK OG MENNESKELEG KONTAKT
Les: Intervju med trolleykonduktør Anton Breivik

-- Det er trist at den menneskelege kontakten er borte frå bussane. No er det berre maskinar att, fortel Anton Breivik - trolleykonduktør på linje 2 sidan 1957 då trolleyane kom til Bergen.


-- Ofte måtte eg ut or bussen og bevise at ein ikkje fekk støt når ein gjekk ombord i bussen. Berre fantasi! Iallefall skapte dette ein del spaning.


 

TROLLEYTRIBUTT

Trolleydrifta i Bergen treng støtte - besøk 'TrolleyTributt' og send din melding til politikarane. Politikarane har allerede høyrd ropet og bevilga 1 mill. til opprustning av linje 2!



Webcam from the Sputnik restoration.

BERRE MENN: TROLLEYTUR NO.1 - 1952

Blikka er retta framover - mot Trolleysjåføren. Fyrar i frakk og hatt sit og lyttar til elektriske velklangen. Nokre tenker på opningstalen dei skal halde. Andre på den historiske turen. Nokre er berre nøgde. Berre menn med på fyrste Trolleytur i Bergen. Trolleyformannen sit bakerst. Nokre av dei er vemodige: tenker på trikken som tapte. Det var tidleg femtital og Bergen var i rask endring.

HVAD SIER SALOMONSEN?
For at opnaa, at Vognene kan vige tilstrækkeligt til Siden, er Strømaftagerrullene som Regel anbragt drejelige om en lodret Tap paa hver sin Kontaktstang, hvis Drejestel, der er anbragt paa Vogntoget, i øvrigt er konstrueret saaledes, at der kan viges 4-5 m ud fra Køretraaden uden Fare for at Rullene springer af.

DEN GAMLE 9 TR-MANUALEN

Grunnteksten for trollopedar er ei bok med sjokkfarga tøycover. Trolleymanualen er teknisk og andeleg føde. Dagen då trolleyformann Atle Ingebrigtsen synte og lånte oss Trolleymanualen vart eit vasskilje. Manualen er trykt i Ostrov 1972. Og boka var oppslukande. Her får trollopedane sjå den tekniske vegen til Trolleykunnskap. Billete frå manualen er brukt på trollofon og klubb sidane.

PEIK PÅ 9 TR'EN!

Trolleybussen er full av finesser. Og er finesse i seg sjølv. Grunnfunksjonane liknar vanlege bussfunksjonar, men Trolley'en er meir avansert. Trolley'en er betre mot onkel natur. For dei som ikkje er frå Trolleyland kan ein her peike og lytte til lydane.

-- Det er trist at den menneskelege kontakten er borte frå bussane. No er det berre maskinar att, fortel Anton Breivik - trolleykonduktør på linje 2 sidan 1957 då trolleyane kom til Bergen.

Anton Breivik (75) var trolleykonduktøren på linje 2. Han har levd eit langt konduktørliv. Han presenterar ei viktig del av Sporvegshistoria i Bergen. Ei tid kor kontakten med passasjerane var viktig.


-- Saknar dette veldig. Særleg folka eg traff. Alltid eitt og anna som skjedde i ein slik arbeidskvardag. Replikkane hagla. No derimot er det ingen å snakka med lenger.

Hovudgrunnen til at konduktørane forsvann var at Sporveien skulle auka innteninga. Det måtte gå ut over nokon. Maskinane kom inn. Konduktørane måtte ut.

-- Ein dag kom ei jente (t.v.) med mor si for å ta trolleyen frå Birkelundstoppen til Engen. Då ho såg meg braut ho ut: " Der er han med mjølketennene!" Det gløymer eg ikkje.


Trolleybussturar var det kjekkaste LiseLotte visste. Særleg med Anton - konduktøren med mjølketennene.


Mange trudde dessutan at trolleybussane gav elektrisk støt.

-- Ofte måtte eg ut or bussen og bevise at støt fekk ein ikkje når ein gjekk ombord i bussen. Berre fantasi. Iallefall skapte dette ein del spaning. Og folk sprang ombord.

-- Det var utrulege mengder med folk som reiste med bussane. Særleg dei gamle Munch-trolleyane var kjempedigre. Ein eigen stor ståplass - perrong på fagspråket - bakerst i bussen gav heile 50 ståplassar. Vart det fullt der bak Eg trengde eg håv for å få tak i alle pengane. Billett-tumlaren gjekk som ei vifte.


'Flodhest' og 'Sputnik' kalla ein denne trolley'en. Yndlingsbussen til konduktør Breivik vart produsert i Fana - av Sverre Munck A/S. Med plass til 100 passasjerar.


Munch-trolleyane var digre og produsert i Fana.

MUNCHbussane var dei beste ifølgje Breivik. Storleiken er allereie nemnde og ein utruleg plass inni. Opptil 100 mennesker kom seg inn. Hugs at dette var enkeltbussar og ikkje slike trekkspelbussar som ein ser ein del av idag.

-- Vart det heilt fullt kunne ikkje folk koma seg inn bakdøra - der eg sat. Midtdøra vart opna. Eg ropte "Treng inn! Treng inn!" Passasjerane prøvde å kome seg bakover. Skrekkeleg vanskeleg å få inn alle pengane på slike dagar.


Konduktørvesenet forsvann og Anton Breivik og dei andre konduktørane vart omplasserte. Mobile kontrollørar vart dei. Dei skulle gå frå passasjer til passasjer og kontrollera billettar.

-- Forferdeleg i forhold til jobben me hadde før. No var oppgåva å gå frå person til person som ein robot. Heilt feil! Er ein saman med menneske kan ein ikkje oppføra seg som ein robot. Det burde alle vite.

Trolleybussane har naturlegvis ein sentral plass i Breivik sitt liv.Store delar av innbyggjarane langs linje 2 blei veldig glade i den smilande konduktøren. Og sakna han stort då han og dei andre forsvann.


Sporvegsbrassen gjorde kvardagen og festane ljose.For seg sjølv og andre sporvegsansatte. Ein av tubaistane i bandet var god kollega av kond. Breivik.

Anton Breivik blir uroleg når han tenker på at eitt steg til i retning av eit menneske- og trolleylaust kollektivmiljø er i ferd med å bli tatt. Kommunepolitikarane bør skjerpa seg meiner han.


-- Eit stort handikapp om Bergen kvittar seg med trolleyane. Ikkje berre dei skal fortsetja med trolley - eg syns også at trolleylinjene bør forlengast.

Då trolleynettet vart bygd på 50-talet kom det opp stolpar på andre sida av Puddefjordsbrua og ut til Fyllingen. Det er berre å setje linjer oppi desse.

Konduktør Breivik er har gjort det han har kunne for at Linje 2 vart ein givande busslinje. Han er ein av slitarane som har gjort sporvegane trivelege. Han var særleg oppteken av at kollektivtrafikk ikkje berre dreier seg om kroner og ører og passasjertal. Det dreier seg om frakt av mennesker.

-- Eg og eit par andre sette igong med aktivitetar for eldre. Mange eldre kjem seg sjeldan ut.

Dei inviterte eldre på eldrefestar. Fyrst i Vesta sitt bygg i Fyllingsdalen. Seinare vart Grieghallen brukt. Dei gamle vart henta med buss. Ombord solgte Breivik lodder istadenfor bilettar. Det har han fortsatt med etter han fekk hjarteinfarkt i 1992. 'La Breiviken selga lodd - då går det så radigt, seier dei.' Eg har jo erfaring med å få ut lappane, veit du.