-- Trollofonen gjer ein offentleg instans til kultur. Det likar eg godt med prosjektet, fortel PITA frå Wien -- Trollofonsamples'ane var fine. Lydar eg likar å arbeide med. Trollofon nr. 2 er publisert på trollofonsida.

Pita eller Peter Rehberg er kjend som kunstnarisk sjef for plateselskapet MEGO. Det Wienbaserte plateselskapet er sentralt innan eksperimentell musikk. Han har eit godt rykte som elektronika-artist. Ei lang rekke plater har fått Pita si underskrift: både solo og samspel. Han er m.a. 1/ 3 av trioen Fenno'Berg - saman med Fennesz og Jim O'Rourke. I denne utgåva av radio pilota er han intervjua.

Finn og les nye anmeldelser av bl.a.:
Kim Hiorthøy (melke)
Nobukazu Takemura
Martin Horntveth
Nanoloop
Joseph Nothing

Denne utgåva av radio pilota inneheld musikk frå:

Jim O'Rourke
Trollofon no.2
Fennesz
FennO'Berg
Trollofon no.2
Fartein Valen

Alexander Rishaug


Alexander Rishaug og Anton Webern fyller neste klubb Pilota. Torsdag 7. mars finn klubb pilota stad - denne gong. Alexander Rishaug er ferskt ute med soloplate på Smalltown Supersound. Denne gong heilt utan ARM. Pilota sin Oslo-reporter Andreas Mæland traff Alexander. Eit innblikk i samtalen og kutt fra den nye plata finn du her.

Pilotakritikarane er ueinige i Rishaug si siste skive. Det har endt med duell i trolleyhallen. Båe stilte opp med vairar og penn. Kritikarane er Øyvind Godal og Andreas Mæland.

24. may 8pm: Oval trollofon
25. may 1pm: Alog trollofon
25. may 8.30pm: Oval concert
26. may 6pm: Kim Hiorthøy trollofon

Me treng friviljuge medhjelparar. Både til klubb pilota og radio pilota. Du får mykje attende: supert miljø, kriminelt god musikk og gratis konsertar. Ukjende elektronikautøvarar bør melde seg. Me vil ha dykk ut or sikringsskapa. Skriv til redaktørane: nikko@bek.no eller espene@bek.no



Gul glede trass skrekkeleg vèr. Trollofon no. 2 fann stad sist fredag. PITA frå Wien var trollofonikar. Skoda 9 Tr trassa alt - si beste side fekk han vist fram. Trolleyemeritus Lars Strandos var trollofonsjåfør for fyrste gong. Han, PITA og Skoda 9 Tr gjorde ein fortryllande jobb. Godviljen var stor. Trollofonen er overberande.Til og med ein av dei lause bergensfuglane fekk vere med - gratis. Men - berre til Birkelundstoppen.


Lars Strandos er trolleyemeritus. Han er den andre trollofonføraren - saman med Trolleyformann Atle Ingebrigtsen. Dei paktar og kjøyrer Skoda 9 Tr. Strandos har kjøyrd trolley i mange år. Over 40 år har han vore i Bergen Sporveier (no: GAIA trafikk). Han var ein av dei mest populære sjåførane på linje 2. Det merka me då publikum kom inn i Trollofonen. Mange kjende han att.

Dei kjende han att frå 70- og 80-talet . Den gong han var sjåfør på Linje 2. Då skjønte me at det var dei rette sjåførhendene på rattet. Ikkje berre hadde han kontroll over bussen. Ein venleg, vernande og god oversikt over all veterantrolley-teknikken. Og muntre kommentarar til publikum. Slik skal det vere. Trass avsporing under Haukeland Sjukehus - mange trudde det var ein Trollofon- effekt!- gjekk Trollofonen som eit ur.


-- Eg tenker ofte på dei fine lydane i 9 Tr. Det bekreftar kvart gjensyn meg han, fortel Trolleyemeritus Strandos.

Strandos venter i fredagskvelden. PITA varmar opp. Pilotagjengen riggar ferdig til Trollofon no 2. Utanføre bles og regnar det skrekkeleg. Publikum står ute og ventar. Emeritusen mimrer tilbake til Linje2-dagane sine. Den gong kjøyrde og høyrde han 9 Tr kvar dag.

-- Når eg kom heim - måtte eg skru av radioen. 9Tr-lydane fortsatte å synge inni meg. Dei var spesielle - desse bussane, smiler og tenker Strandos høgt.

Betre trollofondefinisjon må ein leite lenge etter: Trollofonen får ein til å skru av radioen. Betre trollofonførar skal ein leite endå lenger etter. Lars Strandos og Atle Ingebrigtsen er eit radarpar. Strandos er til dagleg fast turrutebuss-sjåfør i GAIAtrafikk. Han har 40 års fartstid bak seg. No er han veldig aktiv i Bergen Veteranbusslag. Kvar torsdag fiksar han og Trolleyformann Ingebrigtsen på to andre trolleyvidunder: Munckbussane. Det kjem me tilbake til seinare.