Helga 24. - 26. mai sto Trollofon klar på Linje 2. På ny ville han å vise kven som er gulast og syng finast i byen. Skoda 9 Tr hadde fått nymalt tak for anledninga. Bussen var dessutan nystemd som ein sitar. Oval , Alog og Kim Hiorthøy var festspeltrollofonikarar. Neste utgåve av pilota.fm vil inneholde Trollofon no. 3, 4 og 5.

Janne Stang Dahl blei i løpet av kort tid Pilota si gallionskvinne. Trass i at ho budde i Oslo. Den nyleg avtroppa leiaren i Ny Musikk Noreg er intervjuoffer i dette Pilotanummere. Ho fortel mykje ufortald her -i tillegg gjev ho eit sjamerande innblikk i Ny Musikk si fortid og samtid.

Finn og les Øyvind Godals nye utbrudd:
Hellfish and Producer
phonem
Req
Venetian Snares
Sote
Autechre

Denne utgåva av radio pilota inneheld musikk frå:

Kim Hiorthhøy
>door opens both ways
>äppelträd

Oval
>ovalprocess1
>ovalprocess7

>ovalprocess9

Alog
>as complicated and as beautiful as always
lytt til individuelle spor ved å klikke på dei.


Jørgen Knudsen var konsertmeister sist klubb Pilota gjekk av stabelen. Han er intervjuoffer no. 2 i dette programmet. Han sit for tida spend og ventar på urframføringa av det store sceneverket Lux Aeterna. Det er skrive saman med Jo Strømgren.

Pilota.fm får ikkje berre merksemd lokalt og nasjonalt. Feire trolleyentusiastar og elektrikarar skriv til oss. Fleire av desse trolleytributtar ligg på denne sida me la ut i fjor. Den gongen var linje 2 i fare for å bli lagd ned. No blir korkje sida eller linja lagt ned - og tributtane rullar inn.

Co-redaktør og musiker Espen S. Eide tok for en måned sida kontakt med Steinar Bøyum, stipendiat i filosofi ved Universitetet i Tromsø. Han ble tildelt kopier av Eides cd'er (alog og phonophani). Oppdraget var å formulere noe filosofisk om elektronisk musikk, med utgangspunkt i disse. >Her kan du lese resultatet! Lydeksempel vedlagt.

Me treng friviljuge medhjelparar. Både til klubb pilota og radio pilota. Du får mykje attende: supert miljø, kriminelt god musikk og gratis konsertar. Ukjende elektronikautøvarar bør melde seg. Me vil ha dykk ut or sikringsskapa. Skriv til redaktørane: nikko@bek.no eller espene@bek.no


Bergen er berre bygd på ei linje - linje 2. Austblokken er derimot fundert på millionar av mil med trolleylinjer. Desse utgjer ein elektrisk stormakt få anar rekkevidden av. Denne rekkevidden er pilota.fm i ferd med å granske - noko denne vetle fotoreportasjen frå Riga vitnar om.

Trolleykulturen tok over verda austfrå. No er trollofonen på veg motsett veg. Det er allikevel langt frå snakk om kulturell utveksling. Det er vekselstraum det dreier seg om.

Pilota.fm drog mot Riga for å lese eit urbant trolleylandskap. Det endte med at Austblokken fekk farge att - iallefall i våre auge. Ein entusiastisk formann i Riga inviterte oss straks til å kome att. Men ikkje utan å ta med trollofonen.


Fleire tiår har det teke å byggje hallane i Sarkandaugava utanføre Riga. I aust er trolleyhallane langt frå berre arbeidsplassar. Det er ein puls og ryggrad med vekselstraum som kontrapunkt. Dette ser ein i mikroskopisk målestokk i Trolleyhallen på Mannsverk. Der er det berre ein trolleyformann. I Riga er det minst tjue.

Difor er det ein audmjuk Espen Sommer Eide me ser på fotografia i denne Trollofoniske fotoreportasjen. Han er den eine redaksjonelle halvparten av pilota.fm. Som de ser blir han nesten borte i motiva - så sterk verker trolloskopien i Aust.


Å fotografere slike miljø er inga lett oppgåve. Elektrisitet frå alle trolleylinjene utvidar nemleg motiva. Sommer Eide som i utgongspunktet var motiv blei nesten viska bort. Trolloskopieffekten var dermed nesten total. Han synast ikkje det er så rart i ettertid. Derimot då han var i byrommet merka han bokstaveleg korleis alt ikring var transformert.
-- Riga var ein transformator. Det er rart med byrom under eit trolleynett. Tenk kva som ville skjedd med Bergen om trolleynettet rakk over heile byen...

foto: Dag-Are Haugan