-- ER DEBUSSY DAUD?
modem/isdn
-- Arne Nordheim meiner musikken til Partch er daud. Det trur eg ikkje på! Er Debussy sin musikk daud? Spør Johnny Reinhart, leiar i AFMMensemblet (American Festival for Microtonal Music) frå New York.Han er sjølv polymikrotonal-komponist og Partch-ekspert.

TIL OSLO MED MATERIALMEDVIT
modem/isdn
-- I Oslo er musikken veldig gestisk! Det vil eg endre litt på. Eg er for materialmedvit, fortel nyansatt professor i komposisjon ved Norges Musikkhøyskole Ivar Frounberg. -- I Bergen er det ikkje slik.

EKSPERIMENTELLE FESTSPILL

Festspillene i Bergen gav også fleire eksperimentelle opplevingar. Samtidsmusikk har dermed både hatt Music Factory og Festspillene som spelerom.

NYE ANMELDELSER

Besøk vår anmeldelserside og les nye anmeldelser av
Rephlex-samler

Autechre
Kim Hiorthøy
Rococo Rot
Salvatore Sciarrino
Lackluster
Touch-samler (Hazard, Fennesz, Biosphere)
HOH
Ametri Kvartett
Johnny Reinhard



 

INTERVJU MED MATMOS
modem/isdn
San Fransisco-duoen Matmos ga nylig ut albumet "A Chance to Cut is a Chance to Cure". Dette er en utgivelse preget av lydkilder hentet fra "den virkelige verden". Den mest profilerte av disse lydkildene er kanskje lyden av plastisk kirurgi.

LUCA OM KJÆRLEIK
modem/isdn
-- Forholdet musikk og bilete, musikk og tekst er som forholdet mellom kvinne og mann, meiner den italienske komponisten Luca Francesconi, Music Factory-komponist i år. -- Parforhold der det oppstår ei utløysing kjem samstundes er dei beste.Slik er det også med musikk og andre kunstformer.

KlubbPILOTA.FM - EI AKUSTISK BOMBE

KlubbPILOTA.FM er eit nytt tilbod under PILOTA.FM-paraplyen. Den nye kafeen i Bergen Kunsthall (tidl. Bergen Kunstforening) gjev klubb PILOTA.FM husrom. Kafeen vert ei design-bombe. Klubb PILOTA.FM vert ei akustisk bombe.


-- Vilt og vondt! Som ein av dei eldste songarane her må eg synge ut. Ein songar med munnkurv er som okse utan ballar. Forbodet gjeld song på trolleybussen. Det er trist. Trolleylinje 12 er den beste aulaen i Russland. Både mor og far min kan skrive under på det. Mange fine songar er blitt til på linje 12.

Lokasjenko er ikkje den einaste som har reagert. Forbodet mot synging på linje 12 er ei hån. Mannsongarforeningane i Novosibirsk gjekk nyleg samla til aksjon. Aksjonen starta med at ulike mannskor troppa opp på dei ulike 12-bussane. Songar frå Tsartida stod på repertoiret. Tsarviser har vore forbodne sidan revolusjonen. Forbodet blei av ulike grunnar ikkje opphevd etter Perestrojka.

-- Andre aksjonsetappe planlegg me i desse dagar, fortel Lokasjenko vidare. -- Denne delen vert verkeleg smertefull. Også for oss frå mannskora som stiller opp. Då kjem Novo-systrene. Eit av dei største kvinnekora i Novosibirsk. Dei tel 120 kvinner. Og er kjend for vibratoen sin. Så får me sjå kva utfallet blir. Eg er spend.


Festspillene i Bergen gav også fleire eksperimentelle opplevingar. Samtidsmusikk har dermed både hatt Music Factory og Festspillene som spelerom. Konserten med Arne Nordheim i Domkirken var eit stor oppleving. AFMMensemblet var kanskje det mest spektakulære - men diverre spelte dei berre under ei forestilling. (Høyr intervjuet med Johnny Reinhart i AFMM). Uansett er ei ny æra i norsk musikkliv starta: den amerikanske mikrotonale scenen er endeleg spelt i Noreg. Synd at så mange gjekk glipp av denne hendinga.


Denne festivalperioden vart også musikk av Stockhausen, Louis Andriessen, Adrian Utley og John Tavener urframført i Noreg. Forestillinga 'Sound on Film Live' presenterte fire kortfilmar med ny musikk til. Bidraget til Stockhausen var sterkt. Eit elektronisk verk med kvinneskrik vart ein loddrett mur i Grieghallen. Den gotisk-influerte animasjonsfilmen til Quay Brørne skreik høgt frå før av. Med Stockhausen sin musikk i tillegg vart det valdsamt.


KlubbPILOTA.FM er eit nytt tilbod under PILOTA.FM-paraplyen. Den nye kafeen i Bergen Kunsthall (tidl. Bergen Kunstforening) gjev klubb PILOTA.FM husrom. Kafeen vert ei design-bombe. Klubb PILOTA.FM vert ei akustisk bombe.

To gongar i månaden inviterar Klubb PILOTA.FM til konsertar, dj'ing og improvisasjon: Berre elektronika, ny og eksperimentell musikk blir avspelt. Improvisasjonskveldane blir målblink for både støy, elektronika, ambient, avantrock, swing-folk.

Klubb PILOTA.FM systera til TROLLOFONEN. Trollofonen er i rute kl 11 når det passar for og med artistane. Trollofonen tolar ikkje-akustiske instrument.

Fleire programopplysningar kjem seinare. Interessen for å spele Trollofon og på klubb PILOTA.FM er stor - programmet kjem til å innehalde fleire overraskingar.