MELONREPUBLIKKEN ORIGAMI
Samtale med Tore Honorè Bøe
modem/isdn
Origami Republika vart grunnlagt for 10 år sidan. Tore H. Bøe var primus motorica. Den gong var Origami ein enkel republikk. Idag er det ein melonrepublikk. Med hundrevis av medlemmar på alle kontinent. Lasse Marhaug er ein av dei. Han var veldig aktiv i m.a. ORIGAMI REPLIKA. Både Bøe og Marhaug har solide solokarrierar ved sidan av ORIGAMI. Marhaug er med m.a. i Jazzkammer. Nyleg kom Tore H. Bøe ut med plata 'Siesta'. Båe to skal spele på Safe as Milk-festivalen iår.

Ein ORIGAMI replikk v/ ORIGAMI REPLIKAs Lasse Marhaug
modem/isdn

-- PARTCH OG INSTRUMENTARIE!
Samtale med Arne Nordheim
modem/isdn
-- Harry Partch var verkeleg ein skrue! Ein original i musikksoga, seier Arne Nordheim i denne PILOTAsamtala. -- Han var både instrumentbyggar og oppfinnar. Han fann opp stadig nye instrumentalklangar. I tillegg var han veldig fantasifull, med ein veldig dragning mot Austen. Han er så nært knytt til instrumentariet han oppfann - at når han døyr - så døyr musikken saman med han.

ELEKTRISK OG MENNESKELEG KONTAKT
Les: Intervju med trolleykonduktør Anton Breivik

-- Det er trist at den menneskelege kontakten er borte frå bussane. No er det berre maskinar att, fortel Anton Breivik - trolleykonduktør på linje 2 sidan 1957 då trolleyane kom til Bergen.


-- Ofte måtte eg ut or bussen og bevise at ein ikkje fekk støt når ein gjekk ombord i bussen. Berre fantasi! Iallefall skapte dette ein del spaning.


 

BOOMBOOM: --SLAGVERK AV PAPP!
Samtale med Festspilldirektør Bergljot Jonsdottir
modem/isdn
-- Musikken til Harry Partch har aldri før blitt spelt i Noreg. Ei utruleg oppleving å høyre AFMM-ensemblet - det som kjem til Bergen - då dei spelte i London nyleg, fortel Festspillsjef Bergljot Jonsdottir som syntes særleg dei djupe rustne boomboom-ljodane var morosame. -- Instrumenta han laga er utrulege! Både å høyre og sjå på. Særleg begeistra vart eg for eit slagverk av papp!

KAMIKAZE UNDER BRUER
samtale med Safe as Milk-sjef Andreas Mæland
modem/isdn
-- Safe as Milk-festivalen i år er som kamikaze under bruer, fortel Label/ Festivalsjef Andreas Mæland. Safe as Milk festivalen finn stad på Høvleriet, i Haugesund 26.- 28 juli 2001. Festivalen er ein av dei spanande nye tilvekstane i den vaksande norske festivalfloraen. 2001 programmet består av sentral norsk eksperimentell musikk og almenndannande foredrag!

 LUCA KJEM NORDOVER
modem/isdn
-- Luca Francesconi er festivalkomponist under Music Factory 2001. Den unge Milanobaserte komponisten gler seg veldig til å ha Masterclasses her, fortel Music Factory-general James Clapperton. -- Francesconi studerte både hjå Stockhausen og Berio. To så sentrale lærarar er det ikkje mange som har hatt.


Ei av dei særaste trolleylinjene i verda heng i ørkenen på grensa i Rajasthan. På grensa mellom India og Pakistan. Linje 1 - finns berre ei - går mellom dei to mikroskopiske landsbyane - Nishuminnu Nagar og Hamleittaisna Nagar. Kommunestyra her har kjøpt inn gamle kinesiske trolleybussar.


Linje 1 - i rute mellom mektige sanddyner.


Trolleylinja kjøyrer gjennom eit aude ørkenlandskap. Det er sært å sjå linjene henga og vaia i ørkenvinden. Frå bussen får ein auge på Jaisalmer, eit stort spøkelsesfort midt i ørkenen. Trolleyformannen på linja, Ashok Shillaminnin sin største draum, er å byggja trolleynettet heilt ut til spøkelsesfortet.

 
Ashok (t.h.) er den mest respekterte og konsentrerte trolleysjåføren på linje 1.

-- At politikarane i Bergen er usikre på trolleydrifta høyrest uverkeleg ut, seier mr. Shillaminnin. -- Hjå oss er det berre kyr, syklar, rickshawar, ørkenrotter og trolleyar. Og fleire trolleyar blir det i framtida. Trolley er tingen. Me kjøper dei rimeleg. Det er lett å få brukte trolleyar for tida. Så fraktast dei med bulkskip til Bombay. Så med tog.


Bussane på linje 2 i Bergen har vanskar med is på linjene om vinteren. På linje 1 derimot har dei eit anna problem - heile året. Sand på linjene. Trolleyformannen i Nishuminnu Nagar vil gjerne koma i kontakt med folk som kan koma med gode råd mot sandtrøbbelet. Gode råd kan sendast til:

Det er ein månad sidan denne mikroskopiske vevstaden og radiotilbodet - pilota.fm vart realitet. Oppslutninga kring oppstarten var formidabel. Trollofon no.1 fungerte som presselansering. SKODA 9TR - veterantrolley'en på linje 2 var omtrent fyld til randen. Sjå forøvrig BergensAvisens rapport. Meir informasjon om Trollofonen finn du her.


I slutten av Mai vil Bergenspolitikarane diskutere framtidig trolleydrift. Trolleydrifta i Bergen treng støtte - besøk 'TrolleyTributt' og send din melding til politikarane.


med live-opptak frå MusicFactory festivalen.

Vil du bli påminna nye utgåver av pilota.fm, send din mailaddresse til: