"LÆR OSS Å TELJE" Diktaren
Einar Økland er forfattar bak PILOTAprolog 1. Her tek han opp det
mest sentrale i musikken, utanom tonane og instrumenta. Tal og teljing. ITALIENSK PIANOWESTERN -- Det
verkar som italienarane framleis er i operabakrus, fortel pianisten Kenneth
Karlsson i dette PILOTAintervjuet om siste cd'en hans - "Onde Sofferte
Serene" som han fekk Spelemannsprisen for. -- "Ingen rider in i solnedgången
som en italienare" er motto for cd'en. Fordi ingen lagar betre musikalske
avslutningar enn italienarar. Elegant og sublimt. FACES
FRÅ OSLO -- Å
lage plate er ein dyd av naudsemd. Ingen står på hodet for
å lage plate med oss. Difor må me gjere det sjølv,
fortel Eivind Buene, Oslokomponist som har produsert den siste Oslo Sinfoniettacd'en
- 'Faces' med musikk av Eivind Buene, Maja S. K. Ratkje, Lars Petter Hagen,
Bendik Hagerup og Trond Reinholdtsen. -- Denne plata starta med ein ULTIMAkonsert
med 5 unge Oslokomponistar. Etter konserten braut me ut: "Dette må
bli plate!". "Faces"
frå Oslo får eit kombinert svar og tilrop frå Bergen.
4 unge Bergenskomponistar har kvesst analysenåla. Ei kritisk gjennomgong
tek opp verk for verk. PILOTA MED LJOD PILOTA.FM
er ikkje berre vevstad med ljod. Det er også radiostad utan ljod.
Vil du inn i radioverda er du velkomen til det. Og høyre PILOTAprogram
no 1 i sin heilskap. Intervjuofra er dei same som i magasinet: Kaptein
Kaliber, Kenneth Karlsson, Eivind Buene, Jørgen Larsson og Bergen
Slaughterhouse.
|
![]() |
ORD FRÅ TROLLEYFORMANNEN: -- Ein
trolley meir fleksibel enn ein trikk, fortel Trolleyformann Atle Ingebrigtsen
til PILOTA.FM. -- Trass i at den elektriske framdrifta er akkurat den
same. Dei same komponentane finn ein både på trolleybussar
og trikkar. Den store forskjellen ligg i stengene på taket. Kontaktstengene
eller straumavtakarane, om du vil... TROLLOPEDANE TALAR PILOTA.FM
meiner at norsk samferdsels- og andsliv manglar ein Trollopediae. Sidan
PILOTA.FM er vigd Trolleymysteria, er det naturleg at me er vertar for
ei slik oppslagsbok. Kunnskapen om Trolley'ane må ut. Dette er kunnskap
på veg inn i gløymeboka og tekniske museum. NY KAPTEINVINYL Kaptein
Kaliber er eit elektonikaband med atypiske referansar. Humoren til duoen
rekk langt utanføre ordinære krinsar - til krinsar med leik,
eventyr og glede. M.a. har dei laga ein legendarisk versjon av 'Raudhette
og Ulven'. Dei førre cd'ane deira vart trykt opp i strålande
opplag på tjue plater. Den siste plata deira har fjort Kapteinane
store. Mellom anna har dei spelt i Finland. Snart kjem dobbelvinyl på
Tellè Records. UR- OG RETURFRAMFØRING Jørgen
Larsson er ung Bergenskomponist. I januar urframførde han verket
"Diskoetyder" i Hong Kong. Dette er ein utsøkt del av hans hovudfagsstudium
i klaver ved Griegakademiet i Bergen. Verket er metta med diskositat,
-grep og diskosamplingar. Desse meir eller mindre forkledde referansane
spelar med pianisten. Returframføringa fann stad i Bergen nokre
veker sidan. PILOTAMELDAR Elektronikaskiver
av PROTEIN, PAN SONIC, FIZZARUM, LESSER og MATMOS vurderes av Øyvind
Godal.
|
|||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
||||||||||||||
Dette vevskriftet vart lansert den 17. mars 2001. PILOTA.FM er støtta av Norsk Kulturråd. Og er eit samarbeid med Studentradioen i Bergen og GAIAtrafikk. I redaksjonen sit: Nicholas H. Møllerhaug, redaktør - Espen Sommer Eide, vevsjef - Torgeir Nes, teknisk sjef. I tilegg sit Morten Eide Pedersen, Christian Blom, James Clapperton og Øyvind Torvund i redaksjonen. PILOTA.FM kjem ut kvar månad. Navigasjon på det elles så kaotiske nettet kan vere frustrerande. Her vil PILOTA.FM ha sin funksjon. Ikkje som navigatør, men som retriever (strømavtagerruller). Her følgjer ei forklaring. Retrievarane er i følgje SALOMONSENS KONVERSATIONSLEKSIKON FRÅ 1926 til "for at opnaa, at Vognene kan vige tilstrækkeligt (!) til Siden, er Strømaftagerrullene som Regel anbragt drejelige om en lodret Tap paa hver sin Kontaktstang, hvis Drejestel, der er anbragt paa Vogntoget, i øvrigt er konstrueret saaledes, at der kan viges 4-5 m ud fra Køretraaden uden Fare for at Rullene springer af." Folk som kjøyrer bak Trolleybussane på linje 2, legg raskt merke til kapslane bakpå bussen. Desse kallast retrievarar. Inni desse finns ein type vaier/ tråd - rundt ei fjær som held kontaktstengene på sine rettmessige straumlinjer. Desse trådane går frå høgre til venstre, ettersom bussen svinger til høgre eller venstre. Slik funkar PILOTAlogoen.
A Potetene kokar fem minuttar for lite og er for harde. B Egga kokar fem minuttar for lenge og er for harde.
Einar Økland |
|||||||||||||||||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |