Henrik Hellstenius er ein av våre mest sentrale unge komponistar. Han er også ein av dei få som engasjerar seg for operaen. Ikkje minst for framtida for operaen. Han har dei siste åra spora opp store mengder håp for operaen. Eit stikkord for håpet er Salvatore Sciarrino frå Italia. I dette intervjuet preiker Hellstenius om Sciarrino-operaen 'Luci miei tradutrici': eit supert døme på opera-håp for framtida.



Noreg har eit supert platevesen - ingen tvil! Smalltown Supersound og Rune Grammofon er plateprinsane. Sist vart det bekrefta på Blå.Der presenterte dei det ypparste som kjem ut i Noreg for tida: Spunk, Jagajazzist, Kim Hiorthøy, ALOG og Alexander Rishaug. Det vart litt av nokre festdagar.

Breidde og volumiøs variasjon gjorde denne serien til eit perfekt konsertprogram. Det lovar godt! Ikkje berre er Smalltown og Rune nestorar på platefronten. Dei gjev oss også supre Live-konsertar. Med naturleg autoritet opererte musikarane med sine totalt forskjellige uttrykk på scenen. Det heile var ellevilt. Kim Hiorthøy spelte ein snutt med Spunk - i staden for at det eine bandet gjekk av scenen og den andre kom opp. Slike kombinasjonar er starten på nye og interessante koalisjonar. Og kollisjonar.



Eit lite julehefte med noter i er det mest spanande ein kan gå inn i 2002 med. Ei lita prising av jula. Eit hefte frå 1928 med dei gamle julesongane. Dei vanlege velbrukte melodiane. Men - med forlagte harmoniseringar. Fartein sine eigne tonar pleiar melodiane. Makelause versjonar. "Du grønne glitrende Tre God Dag" av Valen er raffinert som inkje anna. Tenk om Sølvgutane song inn jula med hjelp av Valen. Då skulle ein framleis hatt på TV'en. Det lovar me.



"Nå har ikke jeg noe særlig forhold til opera. Faktisk er det en av de ytterst få musikkformene jeg har vansker med å like. Jeg tror det har å gjøre med den uvanlige og i mine ører direkte ubehagelige måten artistene synger på."
Ny pilot Trond Sætre meldar Cage.



Pilota.fm har endeleg grunn til å juble. Sist fredag fekk me pris for vev- konseptet vårt. Espen og Nikko var båe til stades i kulturrådbygningen. Årets kunstnettstad i klassen institusjonar. Takk til kunstnett og kulturrådet for denne gledelege mottakinga av pilota.fm.



klubb pilota.fm opnar den 2. februar 2002. På Landmark. Med bl.a. konsert med Pita frå plateselskapet Mego i Wien. Trollofon fredag 1. februar. Meir informasjon her..



Parergon er eit kjærkoment innslag i norsk bladheim. Siste nummeret handlar om 'material'. Eit høgt redaksjonelt nivå opnar for nye estetiske innfallsvinklar. Introduksjonen av Estrada og Ragnar Hovland-samtalen er storveges. Vignettøren må få skryt. Variasjonsbreidden er fin. At ein bruker utanom-musikalske kjelder er eit stort pluss.



Finn og les nye anmeldelser av bl.a.:

Christian Kleine
Sykes


Gledeleg i pilota-verda er dei nye andleta som ringjer eller skriv. Fleire har lyst til å bli pilot og trolloped. Talet på friviljuge til klubb og medarbeidarar i radioen veks. Det er plass til mange fleire - ikkje nøl med å ringe eller meile. Skriv til redaktør nikko: nikko@bek.no eller ring: 95768044


I dei bratte fjelldalane rundt Kalimpong i Himalaya er radioforholda dårlege. I årevis fekk ein ikkje inn basale program med ver- og føremeldingar. I Kalimpong finns no ei trollylinje. Ein dag fann ein ung ingeniørspire ut at bussen sjølv kanskje kunne bli radio. Berre ein stor og kraftig mottakar med store antenner kunne få inn dei kraftige signala. Antakinga viste seg å vere rett. Det var 1988. Etter det har bussen med dei tjukke straumstengene fungert som ein radiomottakar. Nepalesiske program har strøymd inn på spesielle bussturar. Ikkje berre regionale pingpong-program kjem inn. Britney Spears blir og ofte avspelen. Passsasjerane gløymer å gå av. Kollektivtrafikken har oppgongstider.

--Eg sat i mykje trollyen på den tida, fortel kongeleg trollyingeniør i Kalimpong.--Så skrudde eg på ein knapp. Då eg skrudde heilt til venstre fekk eg inn armensk radio. No dreg eg rundt i heile Assam og skrur på tilfeldige knappar. Alle trur eg har overnaturlege evner.

Trolley'en vår - Skoda 9Tr i Bergen er både sendar og mottakar. I 2002 vil vi saman med trolleyformann Ingebrigtsen sende signal utover: dimensjonsforstyrrande långbølgesignal frå 9Tr si ferd gjennom byen.Trolleyen er solist - kompa av ulike nasjonale og internasjonale artistar. Via straumnettet på linje to pensast alt inn på internett: publisert som trollofon. Den einaste i verda. Kurert av klubb pilota.