Utdrag frå Safe-as-Milk festivalen, i kronologisk rekkefølge:
phonophani
ARM m/Tore H. Boe
Lasse Marhaug
ARM m/Andreas Meland


Finn og les nye anmeldelser av bl.a.:

Electric Company
Sack und Blumm
Frank Bretschneider
Lesser


pilota.fm treng medhjelparar. Kontakt Nicholas H. Møllerhaug på 957 68044

 

 


Både Øyvind Torvund (redaktør for parergon og komposisjonsstudent ved Norges Musikkhøyskole) og Nikko (pilota-redaktør) var ein annan stad i sommar. På ulike tidspunkt i sommar vitja me Biennalen i Venezia. Ein forvirra dialog om ein forvirrande biennale var resultatet. Trass i ei dårleg telefonlinje.


'Arm'er ei gruppe solid fundert i eit slagfelt: Det oppstår når biletkunstnarar tenker musikalsk. Arm blir presentert i denne pilota.fm-utgåva

 

 



Ei stor nyhending for alle pilotar, trollopedar og trollofonikarar kom i juli. Linje 2 vart redda frå nedlegging! 6. juli ringde byråden for finans i Bergen, Trond Tystad oss. Og heile sommaren var redda. Bergen er dermed sikra ei trolleyframtid. 1 million gylne kroner blir årleg bevilga til linja vår. Dette gjeld dei neste 6 åra .Det betyr at trollofonen også er redda.



Pilota.fm brukte opp festivalkvoten i sommar. I tillegg til biennalen i Venezia, var Safe as milk-festivalen i Haugesund eit av høgdepunkta. Fleire i pilota-staben deltok der med musikalske og andre innslag. Espen Sommer Eide (Phonophani) spelte solo. Boutique Electronique (Øyvind Godal, Torgeir Nes og Petter von Krogh) laga intervju, konsertopptak og bidrog med DJing. Musikken i denne utgåva er utelukkande live-opptak frå festivalen.